Kor faen blei det av Norge?! speler laurdag! //

// Eng. below

Kor faen blei det av Norge?! er Synneva Gjelland og Maria Refsland, og dei lagar sagaplater smekkfulle av hits og besnærande forteljingar. 

Duoens fyrsteplate «Sagaen om kor faen det blei av Norge» er ein storstilt saga om nettopp det, kor faen det blei av Norge. Etter å ha debutert med eit tingningsverk som blei til i eit bedehus på Bordalen dagen før, fylgd av fleire seine kveldar med nylongitar og ustemt piano er sagaen no klar for å gå inn i framtida og æva. Dei to presenterar historia om det sagnomsuste landet Noreg og kva det var som kunne gå så gale at det heile forsvann og gjekk opp i røyk. Eposet vert akkompagnert av slagkraftige og melodiske basstonar, klaverklang og gitarplukk, samt ein utpint saksofon og fagert kvad. Det er med finurlege formuleringar forteljingane tek lyttaren med inn i røynda og kvardagen til dei som fann sin heim i Norges land, og opplevingane og hendingane som vert presenterte er både tragiske, romantiske, opprivande og varmande. Det er tydeleg at folket her berre ville det beste for sine medmenneske, men at det ikkje alltid var heilt lett å få til. 

På den kommande andreplata «Dating i det tjuefyrste århundre» vil dei gje lyttaren eit innblikk i samtidas relasjonshistoriar. Frå tinder til puben, rosa skyer til hjertet på fjøla – plata er forteljingar om korleis dating, forhold og den evinnelege jakta på tosamheita pregar oss og korleis me forheld oss til andre. I ein kontekst basert på eigne erfaringar tematiserar plata òg den politiserte kjærleiken, kven får elske og kven får ikkje elske? Og kvifor slit fleire og fleire med å skape robuste relasjonar? 

I ei hyperrask, digitalisert samtid, no også prega av pandemi, er det liten tvil om at relasjonane våre endrar seg. Med musikk som format er plata ein kommentar til dette, der dei legg hovudet på skakke og ser på kjærleiken frå eit litt anna perpektiv. 

På konserten laurdag 21. august vil dei to framføre utvalde songar frå begge platene. 

«Kor faen blei det av Norge?!» are performing on Saturday during Grønn festival!

«Kor faen blei det av Norge?!» (Where the fuck did Norway go?!) is made up of Synneva Gjelland and Maria Refsland. They make saga-albums filled with hits and ensnaring stories.

The duo’s first album “Sagaen om kor faen det blei av Norge», is a saga about where the fuck Norway went. After debuting with a “tingningsverk” that emerged in a prayerhouse in Bordalen the day before, followed by many late nights with a nylon guitar and an untuned piano, the saga is now ready to go into the future and eternity. The two of them present the story of how everything went wrong and disappeared like smoke in the legendary country of Norway. The stories tell of those that found their home in the country of Norway. Their experiences presented are tragic, romantic, engaging and heartwarming. It is clear that the people here only wanted the best for their fellow humans, but it comes to show that it wasn’t always easy to accomplish.

In the coming second album “Dating i det tjuefyrste århundre” (“Dating in the 21st century”) the duo will give the listener an insight into contemporary relations. From Tinder to the pub, pink skies to “the heart on the cutting board”, the album tells stories about how dating, relationships and the endless hunt for being a pair affects us and how we relate to others. In a context of own experiences, the album also focuses on political love – who is allowed to love and who isn’t? And why are more and more people struggling with creating robust relationships?

In a speedy, digitalized world, now also affected by a pandemic, there is little doubt that our relations are changing. With music as format, the album is a comment on this. The duo tilt their head and look at love from a different perspective.

During their concert on Saturday the 21st of August 2021 they will perform songs from both albums.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s